Skriv ut

Supersøndag med Überjam!

_dsc7776_2.jpg

Überjam spiller på gamle Eiksund skole under vignetten "Kjøkkenkonsert".

Vi gleder oss til å spille, og konserten blir omtrent som å sitte på øvingsrommet med kun direktelyd fra Leslie, amper og trommer. :)

Velkommen! :)

 

 

Fra presseskrivet:

 

”Kjøkkenkonsert med Überjam i Eiksund

No er det klart for ny kjøkenkonsert på den nedlagde skulen i Eiksund. Etter mange oppfordringar vonar ein no å gjenta suksessen med ein intim konsert og quiz. Her er praktisk tala både musikarar og publikum på same scene, og tettare på kjem ein ikkje. Ein kan kjenne lukta av eit nyolja Hammond-orgel. Instrumentet som er ei fryd for både auge og øyre. Her vert heller ikkje anna lydanlegg enn det som musikarane sjølv har på scena, så her får ei retteleg nær-Überjam-oppleving. Herrane Olsen&Feiring syter for ei mjuk avrunding på kvelden og spelar vinylplater av god årgang.

Überjam har fast tilhaldsstad på den nedlagde skulen i Eiksund. Her vert det nærmast konsert i øvingslokalet og alle inntektene frå arrangementet går til drift og utvikling av skulebygget som myldreplass for lokalkultur og aktivitetar. Überjam er kjende for dei fleste i det lokale musikkmiljøet. Alle er røynde musikarar, som danna Überjam et som eit ”koseband” for å spele hovudsaklig instrumentalmusikk frå 70- og 80-talet. Dei har ei rekkje iøyrefallande melodiar på repertoaret som er varierar frå Westcoast, smootjazz, blues, 70-tals rock, jazzrock, fusion og orgeljazz. Jimmy Smith, Koinonia, Lee Ritnour, Santana, John Scofield, Pat Metheny er nokre som kan nevnast. Om ein ikkje dreg kjensel på navna, så vil publikum kjenne att låtane. Mange er mykje spelt på radio.

Überjam lovar ei ekte og ”usminka” lydoppleving. Karane spelar for det meste på ”vintageutstyr” der Hammondorgelet er eit naturleg midpunkt.

Peter Demirov – Hammondorgel og Rhodes piano Rune Ertesvåg – gitarar Jan Thormodsæter – bass Bertil E. Tødenes - trommer

Herrane Olsen&Feiring er Eiksunds svar på alt ein kan tenke seg av radioprateprogram av modne herrar som mimrar om dei gamle musikkstjernene dei sjølv ynskte å verte. Olsen&Feiring har med innsikt og pasjon samla i hop nokre av perlene frå sine private vinylsamlingar for ei behageleg og klangfull avrunding av søndagskvelden. Karane er ubeskjedne nok til å utfordre publikum til å vri vinylhjernecellene i ein uformell quiz. Kaffi og kaker vert å få kjøpt i pausa og mens vinylen snurrar.

Ver tidleg ut for det er begrensa antal plassar i kjøkenet. Konsertbillett kr. 100,- og ellers gode prisar i kaféen. Ein kan sikre seg plass via påmelding på eiksundbygda.no

Kva:     Kjøkenkonsert med Überjam og Herrane Olsen&Feiring

Kvar:    Eiksund skule