Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Kven er eg?

Eg er Jan, opphaveleg frå Molde, men bur på Sunnmøre.

Som din prosjektleiar er eg han som ser det store biletet og samstundes har kontroll på alle dei viktige detaljane, Eg er kanskje akkurat den du treng for å få fart på prosjektet ditt.

Eg er ein musikkelskar, og trivast med alt som har med sceniske uttrykk å gjere.

Eg har inngående kjennskap til alt det tekniske som har med scene, lyd/ lys, skjermar og rigg å gjere.

Eg jobbar med små og store sceneproduksjonar, og har erfaring frå festivalplanlegging, regi og gjennomføring.

Eg kan det med konsertar og turnèleiing, har drive artistmanagement og plateselskap … eg har alltid hatt mange ballar i lufta, men det er då eg trivast best!

Eg er ofte å finne som bandleiar, frontfigur, arrangør eller dirigent, men eg tek like godt rolla som bakgrunnsarbeidar og motivator.

I år 2000 etablerte eg JTP (Jan Thormodsæter Produksjoner) etter årevis som freelancearbeidar innan musikk, scene og kultur og med mange års erfaring frå organisasjonsarbeid i Norge og Europa. Etter mine mange aktive år i bransjen i ulike roller er eg framleis klar for nye utfordringar og prosjekt.

I denne bransjen må ein vere glad i folk. Akkurat det er viktig for å få menneske med ulik bakgrunn og erfaring til å spele godt i lag. Ein må også like lange arbeidsdager, og ein må forstå kva som trengs og kva krav ein bør stille for eit best mogleg resultat.

Kva kan DU bruke meg til?

Du kan gjere nytte av erfaringa mi for å planlegge ein festival, ein konsert, ein turné, eit jubileum, ein konferanse eller festmiddag. Eg hjelper gjerne med å skrive manus, anten du er erfaren eller skal stå på ei scene som programleiar for første gang.

Eg bistår også ofte med litt ro og energi til den som treng å få nervane under kontroll før ein opptreden med bandet eller koret,

Du kan også få god sparring rundt ideane dine, få inspirasjon til øving, eller å få opna dører til nyttige, kulturelle nettverk.

Eg trur du er komen rett, og vi burde nok tatt ein kaffi for å prate om kva du drøymer om å få til.

Klikk her for å sjå meir av kva for tenester eg kan tilby.

Kontakt meg

Snakkast!

Å tenke høgt kostar ingenting.

Kaffi har eg også.

Eller du.

Du når meg også på 92 46 77 00.