MUSIKK
EVENT
PROGRAMLEIING
RÅDGIVING
MUSIKK EVENT PROGRAMLEIING RÅDGIVING
Musikk
På tide å løfte prosjektet ditt litt? :)
Treng du meir rutinerte musikarar til ein konsert?
Skulle koret hatt ekstra komp på øvingane før konserten?
Treng du nye arrangement på låtane dine?
Kanskje du treng ein dirigentvikar?
Eg skaffar deg musikarar frå øvste hylle til fornuftige prisar, og kan også sjølv stille som bassist, dirigent eller keyboardist til det du måtte trenge. Eg har lang erfaring med alt mulig rart innan ulike stilartar…berre spør. :)
Eg kan også bistå med konkrete øvings- og samspeltips for bandet ditt - enten du er nybyrjar eller meir vidarekomen.
Øver du med bandet i veka, eller helst i helgene? Det finn vi ut av!
Spør meg gjerne om referansar.
Kva kan eg gjere for ditt prosjekt?
Program
-lEIing
Skal bedrifta eller organisasjonen din ha ei større markering? Litt nerver for det med å ha ansvar for programleiinga? Eg tilbyr skriving og gjennomgang av manus for den interne programleiaren som kanskje gjer slikt for første gang.
Det er ofte veldig fint å bruke eigne folk som programleiarar for å skape god kontakt mellom scene og sal og på den måten styrke «vi»-kjensla.
For den som ikkje gjer dette så ofte kan eg tilby tips til oppsett av rekkefølge, historier, introduksjon av programpostar, og kva ein bør tenke på når ein skal intervjue folk.
Som ein del av dette går vi gjennom korleis ein proff programleiar også eig all kontakt med hovmester, artistar, kjøken og teknisk personell på staden.
Eg har god erfaring med skriving av manus og rettleiing av nervøse foredragshaldarar, og veit kva som skal til for at du skal oppleve prikkfri gjennomføring av ditt arrangement.
event
Planlegg du eit arrangement som er litt meir omfattande enn ei ekstra kake i lunsjen på jobb?
Det kan virke overveldande å halde oversikt over alle detaljar for tekniske løysingar, lyd/ lys, innhald/ program, programleiing, kontakt med leverandørar, timeplanar, rigg opp OG ned av teknisk utstyr, fordeling av nødvendig personell og mykje anna.
Eg kan hjelpe deg gjennom jungelen av tilbydarar for ditt prosjekt, og bistår deg i planlegging og gjennomføring av arrangementet.
Eg kjenner bransjen godt, og koordinerer alt frå a til å slik at du kan konsentrere deg om ditt program, dine tilsette og dine kundar.
Lang erfaring og bransjekjennskap er sentralt for at du får ein pakke som passar dine ønsker, ditt budsjett og dine ambisjonar slik at du får akkurat det du treng til rett pris til DITT arrangement.
Du seier kva du vil ha, eg sørger for at det skjer slik du har tenkt.
Rådgiving
Om du vil ha tips, enkle råd, basis sparring eller vurdering av planar for det du planlegg - ta kontakt.
Det kan vere du skulle hatt nokre tips til festivalplanlegging, sceneproduksjon, koordinering av crew og hjelparar, programinnhald, musikk, kostnader, underhaldning eller ein prat om kva for lokasjonar som kan passe best til ditt prosjekt.
Eg tenker høgt med deg, og kan kome med innspel til korleis du best kan bygge ditt prosjekt stein for stein, scenemodul for scenemedul, eller låt for låt.
Ta kontakt, så tek vi ei kaffi og ein prat.
Dette blir kjekt! Gler meg!